– No skriv eg ofte intuitivt, så eg veit ikkje alltid kva det er eg kjem til å ende opp med, men det var noko i denne type djupe og standhaftige sorga eg ville utforske. Eg såg det i samanheng med noko større, og forsøkte så å kverne dette fram, fortel 26 år gamle Susanne Skogstad, om debutboka hennar Svarstilla.

Les meir om «Likestilt» her

Boka handlar om ei eldre kvinne som har mista ektemannen sin.

– Sorga ho sit att med er så mektig at den paralyserer ho. Ho har eit intenst behov for å halde fast på og bli att i denne veldige sorga, samtidig som hennar tre vaksne barn, særskilt eldstemann, forsøker å dytte henne vidare, fortel ho.

– Svartstilla er eit uttrykk for når vatnet ligg heilt stille og speilblankt. Det er vel ein metafor for tilstanden ho er i, fortel Skogstad.

26-åringen kjem frå Eid, men bur i Oslo der ho går på den treårige manuslinja på Westerdals.

– Eg søkte der då eg for det første ønskte å kunne formidle gode og viktige historier, og for det andre fordi eg synest det verka særs spennande å skrive for både tv, film og scene.

– Det er eit behov for å formidle, men også ei djup interesse for mennesket og verda, og eit ønske om å utforske noko som fridomen i litteraturen gjev rom for, seier Skogstad og legg til at tilbakemeldingar på val av yrke har vore oppmuntring med atterhald.

– Det er klart det ikkje er det sikraste yrket å satse på, men samstundes må ein nesten prøve seg.

Debutanten har beundring for kjende dramatikarar.

– Eg er veldig glad i Jon Fosse sitt arbeid. Eg er stor beundrar av Jan Roar Leikvolls kompromisslause dykking i menneskets mørkaste krikar og krokar. Elles synest eg også, som så mange fleire, at Dostojevskij er ein verdseinar, smiler ho.