Alt er klart for ny innbyggjarfest

Eid kommune og Eid Frivilligsentral inviterer alle innbyggjarar i Eid til stor fest i Operahuset laurdag 8. september.

Ny innbyggjarfest: I fjor song Oselie. I år skal alle dei tre MGPjr-vinnarane på scena. Foto: Bjørn Erik Drabløs  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Kultur

– Denne dagen kan du møte eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar i Eid som gjerne vil vise akkurat deg kva dei driv med! Kanskje finn du ein ny aktivitet eller møter nye kjennskap? skriv dei i ei pressemelding.

Stårheim skulekorps opnar treffet til full musikk. Det blir også stands og aktivitetar med lag og frivillige organisasjonar i Eid, song og selfies med MGPjr- vinnarane Vilde og Anna og Oselie, ope bibliotek med Gruffalo-utstilling, kakefest og gratis barnekino med filmen «Den utrolige historien om den kjempestore pæra»!