Inviterer til ein kjekk dag i parken

Aktivitetar: Diabetesforbundet arrangerer aktivitetsdag i Sagaparken laurdag 8. september. Arkivfoto 

Kultur

Diabetesforbundet Indre Nordfjord inviterer familiar med barn og unge til ein kjekk aktivitetsdag i Sagaparken på Nordfjordeid.

– Det er viktig at barn og ungdom møter andre med diabetes slik at ein ikkje føler seg annleis enn andre og at ein ikkje er åleine med denne sjukdommen, skriv Diabetesforbundet i ei pressemelding.

Laurdag 8. september blir det derfor arrangert ein aktivitetsdag med opplæring i kajakkpadling og ballspel, samt mange andre aktivitetar for barn og unge med diabetes.

– Foreldre får lære meir om trening, kosthold og insulin på Magnefikk. Der vil også vere medisinsk firma som vil demonstrere pumpe og sensor.

Diabetesforbundet treng påmelding til dagen, og presiserer at dette ikkje berre er for familiar i indre, men at familiar frå Vågsøy også er hjarteleg velkomne.