Koret feirar 15 år med jubileumskonsert

Sunnivakoret feirar 15 år med jubileumskonsert i Selje kyrkje.

Jubileumskonsert: Sunnivakoret markerer 15 år som kor med eit gjenhøyr med kjente og kjære songar 

Kultur

Søndag 9. september held Sunnivakoret jubileumskonsert i Selje kyrkje 15 år etter at koret var skipa.

Sunnivakoret vart starta i Selje i mars 2003 som eit prosjektkor.

– Oddvar Stave, med sitt store kulturelle engasjement, var føregangsmannen for oppstarten av koret. Per Oddvar «Prots» Hildre vart engasjert som dirigent, og har i alle disse 15 åra hatt ei stødig hand på den musikalske utforminga og det unike lydbilete til koret, skriv koret i ei pressemelding.

Meir enn 100 konsertar har det vorte i store delar av Midt- Norge. Koret har også vore to turar utanlands. Under konserten blir det også solistar.

– Vår eigen sopran Marita Bødal Nybakk skal saman med baryton Martin Herfjord vere solistar. Pianist Per Arild Skorgen og bassist Svein Hunnes har lang fartstid som korets faste musikarar. Vi har også med oss Lars Frank, medlem i Ytre Suløen Jassensemble, på klarinett og saksofon.

Sunnivakoret vil framføre eit utdrag frå kjente og kjære songar som tek oss gjennom korets 15 årige songhistorie.