Lokale kunstnarar stiller ut arbeida sine på Den Blå Hesten

Helga 7. til 9. september er det klart for ny utstilling i Den Blå Hesten.

Inviterer inn: I helga kan du sjå arbeida til eit knippe lokale kunstnarar på Den Blå Hesten i Måløy. Frå venstre: Gerd Endestad, Anne Stine Kvalheim, Harald Brobakke og Margreet Maijer. Foto: privat 

Kultur

Denne gangen er det det lokal kunst, og dei som deltek er Anne Stine Kvalheim, Harald Ole Brobakke, Margreet Maijer, Anne Tykhelle og Gerd Endestad. Mange av arbeida har blitt til under deltaking på leire- og målekursa Gerd Endestad har hatt dei siste åra i Kunsthuset i Rimstaddalen.

– No var det på tide å få vist dei fram til eit breiare publikum, seier Endestad.

Ho er sjølv utdanna biletkunstnar og fortel at det å lage ein byste, er eit litt omfattande og krevjande arbeid, men absolutt oppnåeleg for alle.

Gerd starter også i haust opp nytt kurs i modellering, og vil i helga ha ein liten modelleringsverkstad i Den Blå Hesten, slik at fleire kan få ein smakebit av teknikken. Verkstaden er for både barn og vaksne på laurdag og søndag. – Vi håper det vert mange som har lyst å kjenne på leiregleda! På veggane elles får ein sjå akryl- og akvarellmåleri. Nokre fargesterke, nokre veldig naturalistiske og andre med absolutt surrealistisk preg.

Endestad viser også eige arbeid i foto og tresnitt.