Markerer at det er 75 år sidan forliset

Den 30. september i år er det 75 år sidan hurtigruteskipet St Svithun vart bomba i senk utanfor Ervik på Stadlandet.

Markering: I Ervik kyrkje er det i dag eit minnekapell over Sanct Svithun-forliset, mellom anna med ein modell av skipet.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

Selje kommune og soknerådet i Ervik ynskjer derfor å markere denne dagen med ei samling i Ervik kyrkje.

– Kyrkja i seg sjølv står som eit minnesmerke over den tragiske hendinga denne septemberdagen under krigen, i tillegg til at ho også er eit minnesmerke over den store redningsdåden ervikarane utførte, skriv leiar i Ervik sokneråd Sylvi Olsson.

Ved å ha ei markering den 30. september ynskjer ein å heidre minne om dei som omkom og dei som sette sine eigne liv på spel gjennom det som nesten må kallast ein utruleg redningsaksjon.

– Det er ikkje mange att av dei som var direkte med då dette skjedde. Alle redningsmennene er borte, men så vidt vi veit lever to søstre og ein mann som var med på St Svithun, seier Olsson.