Bildeserie frå Den Blå Hesten:

Fekk prøve å lage leireskulpturar på kunstutstilling

Maya (9) og Jakob Holvik (4) var blant dei som prøvde seg på å lage former i leire då lokale kunstnarar stilte ut både skulpturar, måleri, foto og tresnitt i helga.
Kultur

- Eg har prøvd å lage leire før også. No lagar eg ein katt, seier Maya, som jobba med å få til øyra på katten som eit utgangspunkt.

Dei to søskena syntest det var kjekt å få lage leire under utstillinga, fortel dei, og dei fekk god hjelp av bestemor, Margreet Meijier, som var ein av fem utstillarar saman med Gerd Endedstad, Harald Brobakke, Anne Stine Kvalheim og Anne Tykhelle.