Madcon-Tshawe om Alexa frå Eid: - Ho var heilt rå!

- Eg elskar det! Det er dei augeblinkane, dei auditionane og dei menneska som gjer at eg har like lyst å vere med på dette kvart einaste år, sa dommar Gunnar Greve etter eidjenta Alexa Valentina (18) sin Idol-audition fredag.

- Eg elskar det! Det er dei augeblinkane, dei auditionane og dei menneska som gjer at eg har like lyst å vere med på dette kvart einaste år, sa dommar Gunnar Greve etter eidjenta Alexa Valentina (18) sin Idol-audition fredag. Skjermdump frå TV2 

Kultur

Alexa stilte opp med kassegitar og song ein akustisk versjon av Robyn sin store hit Dancing on my own.

Dommarane sette pris på den neddempa versjonen og at Alexa gjorden songen til sin eigen.

Artistmanager Silje Larsen Borgan meinte det var ei god oppleving sjølv om songen gjekk litt ut nokre stader:

- Du har masse. masse varme og sjel i stemma di.

Tshawe Baqwa frå Madcon takka for ein fin opptreden, og sa etter at Alexa hadde gått ut:

- Ho var heilt rå!

Det var ingen tvil blant dommarane - Alexa skulle vidare i Idol, og er blant dei som får kome til Oslo.

Alexa, som er frå Nordfjordeid, går på elektrolinja ved Eid vidaregåande skule, og draumen er å bli syngane elektrikar fortalde ho fra skjermen fredag.

- Som jente saman med alle gutane på elektrolinja får ein bein i nasen. Ein tåler alle kommentarane og klarer å bite frå seg og, smiler ho.

Programleiar Katarina Flatland minte om at handverkarar tradisjonelt har gjort det svært godt i Idol, og sikta til røyrleggar Kurt Nilsen sin siger for 15 år sidan.