Lar dei lokale stjernene skine på Eidamessa

Både Oselie frå Eid, Andrea Santiago frå Vågsøy, Children of Mars frå Selje, og sjølvsagt kulturskulen i Eid, står på scena under Eidamessa 14.-16. september.

Bruker dei lokale talenta: Under den tradisjonsrike Eidamessa får du sjå både Andrea Santiago frå Måløy, som blei nummer to i The Voice, Oselie Henden frå Eid som vann MGPjr 2017 og seljeduoen Children of Mars på scena. Foto: Bjørn Erik Drabløs/Elise Årdal/Julianne Flølo 

Kultur

Oselie og Andrea speler begge på scena i Eidsgata laurdag, medan Children of Mars speler søndag. Kulturskulen opptrer fredag. I tillegg er det kveldskonsert laurdag, med Lizz, Lisa Uhlen og Dagdriverne.

Eidamessa, som i år blir arrangert for 28. gong, byr sjølvsagt også på mykje anna moro, mellom anna vikingar, tivoli og kino som ei kan sjå alle tre dagar.

Laurdag blir det også vikingmarknad og vikingparade, reptilvisning på Pets, demonstrasjon av blålysetatane, Motorhistorisk klubb ved Jysk, Sagstad held ope og Paw Patrol show for dei aller minste.

Søndag startar med Løp for meg i Malakoff før vikingmarknaden, butikkane, Pålnaustet og tivoliet opnar. Også søndag har Paw Patrol show, og midt på dagen er det også annonsert eit «hemmeleg» innslag.

Det er sjølvsagt også flust med salsboder, hoppeslott alle dagar, kunstutstilling på Coco og i Kulturhuset Gamlebanken, Minibakeriet serverer toast og Aske grillar, Extra har frukost laurdag medan Bakerhuset Tunold "mekkar" skullebollar. Og så er det også barnedagar på Amfi.