Likestilt:

Endeleg klar med si første plate

– Det kom til eit punkt der eg tenkte «fanken, no må eg berre gjere det!» Resultatet vart debutplata for Julie Falkevik Tungevåg og trioen Falkevik.

Julie Falkevik Tungevåg frå Deknepollen i Vågsøy gir om knappe to veker ut debutplata med trioen Falkevik. Deretter ventar turné i Tyskland og Norge, Mellom anna blir trioen å sjå på Sandane 22. november. Foto: Gui Rebelo  Foto: Gui Rebelo

Kultur

Den 31 år gamle Oslo-baserte musikaren frå Vågsøy slepp om knappe to veker debutalbumet.

– Det blir veldig spennande! Vi skal ha platesleppet på Røverstaden i Oslo med utvida band. Det blir ei feiring av plata, rett og slett, fortel musikaren.