Sommarles-fest:

Las seg gjennom sommaren

Då Bremanger folkebibliotek arrangerte Sommarles-fest vann Lara Elvevåg (9) gåvekort på Libris. Premien fekk ho for å ha lest mest av alle i sommar – heile 11.138 sider!
Kultur

– Det er verkeleg imponerande, seier bibliotekar Randi Tveit Solheim, som var stolt av alle ungane som hadde delteke på biblioteka i Bremanger sin sommarkampanje.

– Vi hadde 27 barn som leverte lesekort på Sommarles i år, seier ho, og peiker på at det er noko fleire enn året før.