Stjernekamp:

Tok seg vidare på «heimebane»

Alexander Pavelich er klar for kvartfinale etter at han imponterte både dommarar og publikum i kveldens Stjernekamp.
Kultur

I kveldens utgåve av Stjernekamp stod sjangrane EDM og vise på programmet. Alexander Pavelich var ekspertdommar i førstnemnde sjanger i fjor, og han kjende derfor litt ekstra på presset i kveld.

 - Alexander er på heimebane i EDM, sa programleiar Kåre Magnus Bergh.

- Det er kjekt å gjere noko ein er såpass komfortabel med no når vi har kome så langt i konkurransen. Eg skal peise på som om det var den siste dagen på jorda, sa Pavelich før han gjekk på scena og framførte låta «Sun is shining» av duoen Axwell & Ingrosso. 

Pavelich leverte til forventningane, og fekk god respons frå dommarane. Kveldens ekspertdommar var Martin Danielle, betre kjend som CLMD. Dei to har samarbeida før, og han gav Pavelich strålande tilbakemeldingar.

- Alex, det var definitivt spot on. Det å kunne lukke auga og kjenne at det høyres ut som soundtracket er fantastisk. Det er skummelt kor bra det er, eg hadde tatt av meg hatten om eg hadde hatt ein, sa han.

Også Mona B. Riise i dommarpanelet var begeistra for Pavelich si framføring.

- Du har ei heilt enorm stemme, og for nokre lunger - det er trøkk og det skal det vere i EDM, du syng i tillegg feilfritt. Eg elskar ikkje refrenget i låta, men di framføring er spot on, smilte ho.

I andre del av programmet skulle artistane framføre ei vise. Pavelich valde songen« Ein farfar i livet» av Odd Nordstoga. Ekspertdommar var Frida Ånnevik.

Pavelich valde visa for å heidre sin eigen bestefar.

- Det er ein hyllest til all kjærleiken besteforeldre gir, sa han.

Både dommarpanelet og Pavelich sjølv vart rørte til tårer.

- Det er positive tårer, og eg synest dette er veldig vakkert, sa dommar Thomas Felberg.

- Du syng dialekta di så utruleg fint, og dette kan du, sa ekspertdommar Ånnevik, som òg sat pris på få å sjå ei anna side av Pavelich.

Publikum valde i kveld å sende heim Chris Holsten, medan Pavelich, Ole Børud, Ella Marie Hætta Isaksen og Ulrikke Brandstorp skal konkurrere i kvartfinalen laurdag.