Løyver 400.000 til ny satsing

Trine Skei Grande (V) hadde ei gledeleg nyheit då ho i helga besøkte Opera Nordfjord, som første kulturminister nokon sinne.

- Dette var ei svært gledeleg melding å få, seier Kari Standal Pavelich om pengane som no er løyva til den nye satsinga Fargespel. Her saman med Trine Skei Grande og Michael Pavelich. Foto: privat  

Kultur

Skei Grande besøkte Opera Nordfjord i høve La Bohème, som er operaen si hovudoppsetting i år. Ho fortalde då at regjeringa lovar 400.000 kroner ekstra til operaen i statsbudsjettet for 2019. Pengane skal gå til å gjennomføre stykket Fargespel, som er eit felles prosjekt mellom sju kommuner i Nordfjord.

- Dette var ei svært gledeleg melding å få, ei slik løyving beyr mykje for operaen når vi no går i gong med ei ny storsatsing, sa operasjef kari Standal Pavelich.

Oppsettinga handlar om å skape møte mellom kulturar, og at barn og unge skal frå alle hjørne av verda får sjansen til å vise seg fram for kvarandre.

- Eg er svært glad for at vi etter 20 år endeleg har fått ein kulturminister til å besøke Opera Nordfjord, og får sjå det fantastiske vi har skapt her oppe gjennom ein kombinasjon av profesjonelle krefter, dugnadsinnsats og engasjement frå ein heil region, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.