Brukar haustferien på å spele inn ny musikk

Jan Frode Midtgaard (49) frå Måløy slapp nyleg songen You Are The One og skal bruke haustferien til å spele inn ein ny låt.

Jan Frode Midtgaard frå Måløy brukar haustferien på å spele inn ny song. Foto: privat 

Kultur

– You Are The One er eit samarbeid mellom Svenn Huneide og meg. Vi spelte saman på 1980- og 1990-talet i bandet Whynot frå Nordfjordeid og Måløy, fortel Jan Frode Midtgaard.

På 1980-talet var han vokalist i to bandprosjekt – Mean Streak og Whynot. Sistnemnde var eit band frå Nordfjordeid som vart starta i 1990.