Held konsert for TV-aksjonen

Kultur

Opera Nordfjord arrangerer konsert i Eid kyrkje torsdag 11. oktober. Inntektene går til Kirkens Bymisjon. Arrengementet har blitt ein fast tradisjon, og ifølge arrangørane er det også i år stor interesse for å bidra med konsertinnslag. Solistar og musikarar frå operaen La Bohème stiller opp med eit variert program.

– Vi kan garantere eit stort spenn i sjanger, frå Grieg til negro spiritual, heiter det i ei pressemelding.