Tre band klare:

Siktar seg inn mot tidenes festival

Når Strandfestivalen arrangerast for tredje gong neste sommar er det banda D’mens, Sie Gubba og Svelekameratane som skal sette tonen den første kvelden. – Vi skal forsøke å lage tidenes festival her ute, seier festivalsjefen.

Arrangørane har allereie byrja å glede seg til neste års festival. I fjor besøkte rundt 2.400 personar Strandfestivalen i Refvik. 1.200 av desse deltok på kveldsarrangementet laurdag. Her frå konserten med Tungevaag og Raaban. Arkivfoto: Bjørn Erik Drabløs  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Kultur

– Det kan vere at det kjem nokre lokale band til inn på programmet fredagen, men det er ikkje spikra heilt enda. Vi satsar på at det blir full rulle og at fredagen blir ein fullverdig festivaldag på lik linje med laurdagen, fortel Eva Marie Pleym.