Alexander skal rocke seg mot stjernene

Etter at borna har blitt levert i barnehagen, har småbarnsfar Alexander Pavelich (30) reist heim for å vere Metallicas James Hetfield denne veka. Det spissar seg til i Stjernekamp.
Kultur

Laurdag er det runde åtte for dei attverande deltakarane i Stjernekamp. Ole Børud, Ella Marie Hætta Isaksen, Ulrikke Brandstorp og Alexander Pavelich er igjen i konkurransen, medan profilerte artistar som Hilde Louise Asbjørnsen, Heine Totland og Maria Arredondo har måtte reist heim att. Laurdag skal Alexander vere beintøff i Metallicas Enter Sandman før han seinare skal joike.

Gnisten er på plass

Pavelich har bak seg fleire år som rockestjerne fremst på scenekanten med band som Eye Emma Jedi og Lovespeake. Men dei siste to åra har han vore i studioet og snikra hits for andre artistar, inkludert namn som Marcus & Martinus, Broiler og Lemaitre.