Nominert til verdas største barnelitteraturpris

Maria Parr frå Vanylven er nominert til verdas største barnelitteraturpris, som ein av 246 kandidatar frå 64 land.
Kultur

– Oi! Det var utruleg stort og kjekt. Eg veit ikkje kor mykje meir eg kan seie enn at det er ei utruleg gledeleg og stor ære, seier Maria Parr til Framtida.no.

Lista over dei nominerte kandidatane til verdas største barnelitteraturpris, Astrid Lindgren Memorial Award (ALMA) blei offentleggjort på den internasjonale bokmessa i Frankfurt denne veka, heiter det i ei pressemelding frå Foreningen !Les, som også er nominert til prisen.


Får mykje gratis av å bu der ho bur

Forfattar Maria Parr trur ein kan skrive god litteratur frå alle miljø, men erkjenner at heimkommunen Vanylven har betydd mykje for forfattarskapet.

Litteraturprisen til minne om Astrid Lindgrens vart oppretta i 2002, og er verdas største barne- og ungdomslitteraturpris. Prissummen er fem millionar svenske kroner og blir delt ut årleg til ein eller fleire prismottakarar uavhengig av språk eller nasjonalitet. Lista over nominerte inneheld i tillegg til forfattarar, også illustratørar, forteljarar eller lesefremjande arbeid.

Målet med prisener er å styrke og auke interessen for barne- og ungdomslitteratur i verda.