Får støtte til å spele inn plate

Elektrolise, Aleks Grey, Falkevik, Atle Oen og Andreas Rotevatn får støtte frå Sogn og Fjordane musikkfond.

Støtte: Elektrolise får støtte til å spele inn plate som skal sleppast i 2019. Foto: Helle Frogner 

Kultur

Aleks Grey, eller Aleksander Raftevold frå Heggjabygda og Falkevik med Julie Falkevik Tungevåg frå Deknepollen får turnéstøtte. Førstnemde skal på turné i Tyskland i mai. Han mottok Furorestipendet i år og har hatt stor suksess med singelen ​Let Go. Falkevik slapp 18. oktober albumet Louder than I’m used to​ i skjæringspunktet mellom jazz og pop til strålande kritikkar. I forbindelse med platesleppet er Falkevik allereie reist på ein kombinert tysklands- og norgesturné.


Likestilt:

Endeleg klar med si første plate

– Det kom til eit punkt der eg tenkte «fanken, no må eg berre gjere det!» Resultatet vart debutplata for Julie Falkevik Tungevåg og trioen Falkevik.

 

Atle Oen, Eletrolise og Andreas Rotevatn får innspelingsstøtte. Oen frå Nordfjordeid skriv låtar i americanasjangeren og er klar til å gå i studio for å utvikle låtane sine og spele dei inn. Bak ElektroLise finn vi Lise Kristin Kvenseth frå Stad. Musikken hennar er bygd opp rundt pop og elektronisk musikk. Plata som etter planen skal sleppast i 2019 vil ha tekstar både på engelsk og på stadsardialekt om livet og historiene til bygdefolket langt ute mot havet.


Skreiv song for å beskrive saknet etter pappaen sin

– 25. september gir eg ut ein song eg har skrive for å beskrive saknet og for å heidre min fantastiske pappa Gudbjørn, seier Lise Kristin Kvenseth.

 

Andreas Rotevatn frå Nordfjordeid skal skrive eit bestillingsverk for Orkesteret for JazzKomponistar i Oslo (OJKOS) som skal framførast i mars 2019.