Tid for ti aukar:

Når ut til endå fleire skuleelevar

Den nynorske leseaksjonen Tid for ti er no fullteikna. Førre skuleår var opplaget på antologien som følgjer med aksjonen, på 20.000 eksemplar. Dette skuleåret vil antologien bli send til skular i eit opplag på 25.000.

Den nynorske leseaksjonen Tid for ti er no fullteikna. Førre skuleår var opplaget på antologien som følgjer med aksjonen, på 20.000 eksemplar. Dette skuleåret vil antologien bli send til skular i eit opplag på 25.000. Arkivfoto 

Kultur

– Tid for ti når stadig nye høgder. Opplaget har auka jamt og trutt sidan starten i 2015. Vi starta med 15.000, var i fjor innom 20.000, og no er vi oppe i 25.000. Det er påmelde skular frå heile Norge, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

– Fleire skular står på venteliste, og vi skulle gjerne også gitt tilbodet til bibliotek. Men tekstutdrag, lydfiler, konkurransar og lærarrettleiing vil også vere tilgjengeleg på nettsida, påpeikar Burås Storø.

Ein av forfattarane som er med i antologien, er Arnfinn Kolerud som bur på Flatraket. Han har skrive boka Snillionen som handlar om Mor og Frank som vinner 24 millionar kroner i Lotto. Dilemmaet kjem når dei må finne ut kva dei skal gjere med pengane når alle i bygda kjem og vil ha ein del.

Boka har blitt nominert til mange prisar og det er også snakk om at den kan bli film.

Desse bøkene er med i Tid for ti 2019:

Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Samlaget 2018

Snillionen av Arnfinn Kolerud, Cappelen Damm 2017

Klure av Atle Hansen, Samlaget 2018

Jojo av Ida Eva Neverdahl, Samlaget 2018

1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk, Aschehoug 2017

Smadra av Brynjulf Jung Tjønn, Flamme 2018

Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Samlaget 2016

Den norske slavehandelen av Anders Totland, Gyldendal 2018

Jag är Supermann av Lars Mæhle, Samlaget 2017

Galderstjerna av Asbjørn Rydland, Samlaget 2016