Inviterer til fest i storstova

Sibelco på Åheim feirer 70 år, og laurdag blir det storslått markering.

Roger Eikeset (f.v.), Sissel Vik Fiskaa, Hedda Garshol Jensen og Bjørnar Berge utgjer festkomiteen som laurdag inviterer til stor feiring av 70-årsjubileet av Sibelco på Åheim. Foto: privat  

Kultur

Sibelco Åheim feirer laurdag den 10. november 70-årsjubileum for etablering av bedrifta på Åheim.

– Dette vert storslagent, seier Roger Eikeset, som er medlem i festkomiteen.

Markeringa vert gjort i Vanylven kommune si storstove Olivinhallen, med tilsette og innbedne gjestar, heiter det i ei pressemelding frå Sibelco.

Bedrifta ønskjer å markere samhaldet mellom bedrifta og regionen, der dei tilsette og samarbeidspartnarar kjem ifrå.

– Den viktigaste ressursen ilag med olivinmaterialet er menneska som dagleg har arbeidet sitt i og rundt bedrifta på Åheim, seier festkomiteen.

–  Vi får servert lokalmat av tradisjonsrike og dyktige Kvilehytta. Åheim IL vil hjelpe til med det praktiske under arrangementet. Ut på kvelden opnar vi festen med 18-årsgrense og gratis inngong, seier Eikeset. 

Steinar Engelbrektsson med band vil stå for musikken, så kvelden vert avslutta som ein tradisjonell «dansefest» der ein håpar mange vil ta del.

– Det er berre å byrje å gle seg, smiler Eikeset.