Byr på urpremiere på konserten

Måløy Songlag har med seg Line Dybedal, William Mitei og Svein Ole Hunnes når dei byr på Vinterkonsert 2018 på laurdag. Foto: Benedikte Flataker 

Kultur

Sølvi Myklebust er dirigent for Måløy Songlag som held Vinterkonsert i Sør-Vågsøy kirke 2018 laurdag 10. november. Ho er intervjua i vår Fort sagt-spalte:

Namn: Sølvi Myklebust

Alder: 51

Adresse: Syltefjorden

Sivilstatus: sambuar, born og to mormorgull

Yrke: Økonomiansvarleg ved Nystøl & Fagerhol AS på Fiskå

Hobby: dirigent for tre kor, syng i Sunnivakoret og veldig glad i å reise.

Aktuell med: dirigent for Måløy Songlag som held Vinterkonsert i Sør-Vågsøy kirke 2018 laurdag 10. november.

– Har de noko samlande tem for denne konserten?

– Konsertrepertoaret spenner vidt, men sidan Line Dybedal har arrangert ein ny låt for koret som heiter På ei øy, er det naturleg at vi også har med songar som har med livet på og ved havet å gjere. Vi må sjølvsagt også ha med temaet kjærleik – og som vi veit kan den kjærleiken gje både gleder og sorger!

– Kva vil de vise fram?

– Som kordirigent prøvar eg heile tida å sette korsongen i høgsetet. Kor og dirigent har i nesten to år hatt eit kjempegodt samarbeid, der vi jobbar med klang, pitch, presisjon, dynamikk, og der målet vårt i lag er å gje dei som skal høyre på oss ein flott oppleving.

– Kva står på repertoaret denne gangen?

– Vi har popmelodiar som vi syns kan passe fint i ei kyrkje, men også rolegare viser, skotsk og irsk musikk. I tillegg har vi dei to låtane Line har arrangert. Ho kjem til å framføre ein låt utan koret også.

– Kva nummer gler koret seg mest til å synge?

– Vi gler oss veldig til å framføre Line Dybedal sine to songar, og spesielt urframføringa av På ei øy, som vi fekk i hende for nokre veker sidan.

– Har de med andre «gjesteartistar» under konserten?

– Vi har i tillegg til Line, i år også i fått med oss Svein Ole Hunnes frå Volda på kontrabass og elbass og Måløy sin eigen William Mitei på perkusjon. Dei er alle tre svært dyktige musikarar og vil vere med på å løfte konserten.

– Kor mykje øver ein i forkant av ein slik konsert?

– Vi øver jamt og trutt, men «spissar» songane ved å øve meir fram mot konserten. Vi har hatt øvingshelg der bandet var med ein av dagane, og det blir ekstra øving komande fredag og laurdag.

– Er der framleis billettar igjen?

– Vi har sal av billettar i kyrkja før konserten. Kyrkja er stor, og vi håper på masse folk. Alle er hjarteleg velkomne!