Ekstra konsert for søskenkor

Det populære Helgesen-koret beståande av åtte søsken frå Selje har allereie selt ut den første julekonserten sin, og ekstrakonsert er sett opp.

Helgesenkoret må sette opp ekstrakonsert laurdag 8. desember. Her er koret frå adventskonserten i Selje kyrkje i fjor. Arkivfoto 

Kultur

Det betyr at det no blir moglegheit til å sjå Helgesen-koret to gongar i Operahuset Nordfjord laurdag 8. desember.

– Dei åtte søskena Helgesen med familie og vener har i fleire år på rad fylt Selje kyrkje med sine adventskonsertar. I år blir konsertstaden Operahuset Nordfjord, og det er aller første gongen Helgesenkoret held konsert her! skriv Operahuset Nordfjord på sine nettsider.

– Med glimt i auga, varm humor og mykje kjærleik spreier Helgesenkoret juleglede gjennom tradisjonelle norske julesongar, klassisk musikk og amerikanske slagerar. Dei tek oss rett og slett med «Heim til jul»! held dei fram.

Helgesenkoret har også med seg Line Dybedal som medlem og musikalsk leiar.

– Line Dybedal har dei siste åra hatt tre julelåtar som vore lista på radio. Også i år kan publikum glede seg til ein nylaga julelåt frå Dybedal. Ho har også arrangert mange av songane, skriv operahuset.