Elvis-ordførar kjem til festivalen

Etter å ha høyrt om Elvisfestivalen i Måløy bad ordføraren i Elvis sin fødeby om å få kome. No skal han gjeste regionen i ei heil veke.

Ordførar Jason Shelton i Tupelo, Elvis sin fødeby, fekk høyre om Elvisfestivalen i Måløy og bad umiddelbart om å få ein invitasjon til arrangementet i august. – Det er utruleg stas at han vil kome hit, ikkje minst at det er han som så å seie inviterte seg sjølv til Måløy, seier festivalsjef Helge Hjelle om ordførarbesøket. Shelton skal vere i regionen i ei lita veke. Alle foto: Privat  Foto: Privat

Kultur

– For to månadar sidan fekk eg ein e-post frå Jason Shelton, ordføraren i Elvis sin fødeby, Tupelo. Han fortalde at han hadde høyrt om elvisfestivalen vår, og bad om å få ein invitasjon, forklarar festivalsjef Helge Hjelle.

Festivalleiinga kasta seg rundt og fekk sendt ein invitasjon til ordføraren. Svaret kom like raskt – han ville gjerne kome til Måløy.

– Det er utruleg stas at han vil kome hit, ikkje minst at det er han som så å seie inviterte seg til Måløy, smiler Hjelle.


Hotella alt fullbooka av Elvis-gjester

Ti månadar før neste års Elvisfestival er i gang i Måløy er begge dei to hotella fullbooka. No etterlyser festivalleiinga hyblar og hus i privat eige.

 

Det er mellom anna gjennom festivalfotograf Tovita Bråthen Razzi at Shelton har fått høyre om festivalen.

Hyllar ordføraren med show

Tupelo-ordføraren skal vere i regionen frå tysdag og gjennom heile festivalhelga.

– Vi har fått laga eit program til han som inneheld både sightseeing, møte med næringsliv og ordførarbesøk.

At Tupelo er Elvis sin fødeby har sett sine spor på den amerikanske byen.  Foto: Privat

 

Planen er at Shelton skal få oppleve nærområda, samt at festivalarrangørane skal ta han med til Geiranger og på Hoven i Loen. Vidare skal han mellom anna på besøk i Lefdal Mine Datacenter og få ein presentasjon av næringslivet i Måløy frå administrerande direktør Sverre Søraa i Coast Seafood. Ordføraren i Tupelo skal også møte Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Alt dette før han skal få ta del i festivalstemninga i Måløy 8., 9. og 10. august.

– For oss er det stas at han vil komme. Som ein hyllest til han har vi valt å kalle teltshowet fredag kveld «From Tupelo, Mississippi to Måløy». Han skal få sjå Måløy på sitt beste.

27 nye medlemmer

Festivalleiinga har hatt fleire gode opplevingar den siste tida. Nyleg kom medlemsbladet Flaming Star, ut med ei ny utgåve. Der er festivalen via seks sider.

– Alt i bladet handlar om Elvis Presley. Unntaket er oss, og tre sider med kommentarar frå fans om dokumentaren Fenomenet Elvis, der Måløy fekk brei dekning.


Elvisfestivalen:

Lovar å halde nivået oppe neste år

Arrangørane er godt fornøgd med Elvisfestivalen 2018 og lovar ein ny festival neste år med tributeartistar i verdsklasse.

 

Då redaksjonen var til stades under årets Elvisfestival kunne dei også ta med seg 27 nye medlemmar tilbake.

– Det er jo heilt sprøtt at ein får 27 nye medlemmar til ein fanklubb for ein artist som døydde for 42 år sidan, seier Hjelle, og viser til at klubben har 1.000 medlemmar i Norge.

– Til slutt i artikkelen blir klubben sine medlemmar oppmoda av blant anna elviskjenner Pål Granlund om å ta turen til Måløy. Det tar vi til oss.