Avduka surfaren:

– Vi må utnytte at vi har så mange flinke kunstnarar

– Surfemiljet er begynt å bli ein så stor del av Selje kommune, seier Gunnar Silden i Selje næringsforening.
Kultur

Selje næringsforening inviterte til «avduking» og overrekking av kunstverket av surfaren på Selje barnehage tysdag. Bak kunstverket står Peter-John de Villiers, sponsa av lokale bedrifter i Selje.

– Vi ønskte å ha eit surfebilde, og tanken dette er at barn og unge har eit anna forhold til sjø enn det vi har. Då vi var små var vi ute og fiska med foreldra våre, og gjekk i fjæresteinane og leita etter krabbe. Surfing er ein ny måte å tilnærme seg sjøen på, og når ungane leikar i klatreparken, så ser den surfaren og det blir ein naturleg ting for dei, seier Silden.