Inviterer til boksignering

Ivar Myklebust Longvastøl har skrive bok om søskena på Kleiva. No inviterer han til boksignering.

Ivar Myklebust Longvastøl saman med hovudpersonane i boka, Oddny og Magnar, på kjøkkenet deira på Kleiva.  Foto: Frode Fimland

Kultur

Journalist Ivar Myklebust Longvastøl skrive boka om Søsken til evig tid, om dei landskjende søskena Oddny og Magnar på Kleiva. Boka gjekk rett inn på bestseljarlista til norske bokhandlar. Longvastøl kjem til Notabene Måløy for å signere boka onsdag 5. desember, melder forfattaren i ei pressemelding.

Søskenparet nærmar seg begge 80 år og driv framleis småbruket med kyr og kalvar. Dei to filmane Søsken til evig tid og Søsken til evig tid – Amerikareisa fekk to millionar sjåarar på kino og på TV2. Svært mange nordmenn vart glade i dei to. Søskena lever eit enkelt og nøysamt liv i nær kontakt med dyra og naturen.