Slår seg saman og steller i stand ein kreativ julemarknad

Fleire kunstnarar busett i Selje slår seg saman og inviterer til ein kreativ julemarknad på Nabben søndag 9. desember.

Her er nokre av dei som slår seg saman til ein kreativ julemarknad søndag. Frå venstre: Naomi Dalsbø, Camilla Monsen, Jone Skjensvold, Turid Haye, Rita Borgundvåg, Sunniva Djupedal, Karina Siegmund og Peter-John de Villiers. Foto: Privat 

Kultur

Initiativtakar til julemarknaden, Sunniva Djupedal, flytta tilbake til Selje no i juni etter mange år ute.

– Eg stiller ut produkt inspirert av dei flotte namna vi har i naturen og på havet her ute, frå fjellet til fjøra, seier ho.

Ei anna som skal stille ut er Turid Haye. Ho er keramikar og på julemarknaden sel ho kvite porselensfat og andre porselensprodukt.

Karina Siegmund, som er tekstilkunstnar stiller også ut sine arbeid, saman med Jone Skjensvold, som er målar, og arbeider med olje på lerret, i seriar. Rita Borgundvåg, kystgeitbonde og kunstnar frå Borgundvåg, arbeider innan gjenbruk, ull og keramikk. Kunstnar Peter-John de Villiers skal stille ut trykk. Naomi Dalsbø og Camilla Monsen har nyleg starta ei ny bedrift kalla Salt’n wax der dei driv med design med foto.

Helle Frogner har med seg fotografi, trykk og Heimigarden-gensere mens Lindsey Bundschuh stiller ut fotografi.