Har starta billettsalet

Fredag starta billettsalet for operaen Hans og Grete av Brødrene Grimm, som blir sett opp av Opera Nordfjord 2.–12. oktober 2019.

Billettsalet til Hans og Grete har starta. Her frå familiemusikalen Annie som selte ut fire fulle hus. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Kultur

– Her er garantert noko for alle: først og fremst storslegen, romantisk musikk, dernest folkelege barnesongar, himmelsk ballettmusikk, ei skikkeleg fæl heks, ei ond stemor, og framfor alt: modige born, heiter det i pressemeldinga.


«Amatørane» imponerte stort i familiemusikalen

– Det var utruleg kjekt! seier Tuva Nyhammer-Taklo etter premieren på Annie, som fylte operahuset fire gongar i helga.

 

Operaen er både ein fullskala opera for vaksne, med «moden» musikk, men òg ein spennande opera for barn. Så her kan heile familien gå saman, sjølv om det nok kan bli litt for skummelt for dei aller yngste borna.

Det kunstnariske teamet og solistlaget vert sett saman i desse dagar -  enn så lenge har vi gleda av å presentere vår regissør, Jeff Pedersen frå USA, busett i Stongfjorden i Sunnfjord. Han driv sitt eige selskap, Jeff Pedersen Productions og er mykje nytta som  teaterregissør og kampsportinstruktør.  Det er ei stor glede å ha han med på laget, og vi gler oss til spennande samarbeid i det nye året!

Regissør er Jeff Pedersen frå USA.