Feirer jubileumsåret med store opplevingar

Operahuset Nordfjord fyller ti år i 2019. Jubileumsfeiringa skal skje heile året, og startar med Alexx Alexxander 12. januar. Så går det slag i slag med varierte arrangement for store og små.

Nora på eitt år og ni månader var på Fargespel-øving. Så vidt vi kunne sjå var jenta frå Svelgen den yngste deltakaren på første fellesøving. Til våren er Fargespel eitt av fleire postar på jubileumsprogrammet i Operahuset Nordfjord.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Kultur

Nok eit svært innhaldsrikt år i storstova er snart over, melder operahuset i ei pressemelding.

  – Ei lang rekkje store opplevingar ligg bak oss, med publikumssuksessar på rekkje og rad, seier operahusleiar og kultursjef Geir Holmen og ramsar opp døme som Sigrid Moldestad, russerevy, Kardemomme by, skulemusikal, La Boheme, Henning Kvitnes, Eva Weel Skram, Annie, Hanne Krogh & Johnny Logan og Helgesenkoret.


Nora (1) er klar for å vere med i Fargespel

Kring 80 personar møtte opp til den første øvinga til Fargespel som Opera Nordfjord set opp i april. Mellom dei var 1-åringen Nora frå Svelgen.

 

2018 er det tredje beste året i Operahuset Nordfjord, når ein ser på billettsalet. 17.170 selde billettar er like under toppåra 2011 og 2013. Tek ein med arrangementa utan billettsal, er besøkstalet heilt på topp, med over 28.000 publikummarar.

  – Det at publikum viser så stor interesse for operahuset i vårt tiande driftsår, viser tydeleg kor viktig eit slikt hus er for regionen, uttaler Holmen.

Feiring heile året

No blir operahuset klargjort for nye, store opplevingar i 2019. Tiårsfeiringa vil foregå heile året, alle arrangement blir jubileumsarrangement. Sentralt står til dømes Fargespel, operaen Hans og Grete og skulemusikalen Oklahoma.

  – Vi er eit hus for alle, og skaper store og små opplevingar heile året, seier Geir Holmen.

25. – 27. april blir det bursdagsfest, nøyaktig ti år etter den offisielle opninga.

Opnar med magi

Alexx Alexxander får æra av å vere første artist i jubileumsåret. 12. januar tek han publikum med på ei uforgløymeleg reise inn i magien si verd, med humor, mystikk og spektakulære illusjonar. Også 11. februar blir det magi, med familieframsyninga «Georgs magiske medisin» av Roald Dahl.

Eidarussen 2019 har operahusjubileet som tema for revyen sin 25. og 26. januar: Den storslagne jubileumsfesten for heile bygda inneheld tilbakeblikk på dei største og viktigaste hendingane, med kjende fjes frå heile landet. Tilsette ved Eid vidaregåande skule er ikkje fornøgde, dei vil ha ein finger med i spelet kva som skal skje på festen. Russerevy er alltid moro, det er duka for ein ny suksess.

Ungdommane har også hovudrollene i musikalen «Oklahoma!» som Eid vidaregåande skule set opp 28. februar, 1. og 2. mars. Musikalen «Grease» var det aller første arrangementet i Operahuset Nordfjord, så det blir ekstra stas med skulemusikal i jubileumsåret!

Ekstraframsyningar og Eggum & Sivertsen

To av arrangementa i operahuset til våren er allereie utselde, med ekstraframsyning same kveld. Det er foredraget «Sjef i eige liv» med Ingvard Wilhelmsen 7. februar og Are Kalvø sitt show «Hyttebok frå helvete» 21. mars.

Gitarkameratane Jan Eggum og Halvdan Sivertsen gjorde stor suksess med dobbelkonsert i operahuset for seks år sidan. No har dei funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar. Laurdag 16. februar kjem dei til Nordfjordeid, klare til å fylle operasalen intens nærvær, trøkk, rungande latter og mjuke, magiske augeblikk.

Fargespel og Hans og Grete

Fargespel 5. – 7. april er ein sentral del av operahuset si tiårsfeiring. Opera Nordfjord, alle Nordfjord-kommunane og Operahuset Nordfjord satsar stort med det fabelaktige sceneshowet, der ulike etniske kulturar møtest. Michael Pavelich er kunstnarisk leiar, og eit utvida operaorkester skal vere med. Det er stor fare for at lommetørkle må vere klart første helga i april!

Hovudproduksjonen til Opera Nordfjord i operahuset sitt jubileumsår, er Hans og Grete. Den vakre, skumle, sjarmerande, morosame og gripande operaen er basert på Brødrene Grimm sitt eventyr. Regissør blir Jeff Pedersen, amerikanar busett i Stongfjorden i Sunnfjord.

Publikum kan gle seg til fleire teaterframsyningar i 2019: Sogn og Fjordane Teater kjem med «Alt det lyse og alt det mørke» av Brynjulf Jung Tjønn 1. februar og «Translyria» av Shakespeare 20. mars, medan Riksteatret set opp ein heilt ny versjon av Tarjei Vesaas-meisterverket «Fuglane» 24. mars. Begge teatera samarbeider om «Georgs magiske medisin» 11. februar, og sjølvaste Jostedalsrypa blir popmusikal 16. november, i regi av fylkesteatret vårt. 

11. juni kan publikum få oppleve langvegsfarande musikalske gjester i Operahuset Nordfjord. Då blir det konsert med prisløna St. Olaf Orchestra frå Minnesota i USA.

  Ei lang rekkje andre store og små arrangement går òg av stabelen i jubileumsåret: UKM Eid og Selje 9. februar, Gymmen Americanafestival 9. mars, Barnefestival KFUK/KFUM 16. mars, vårkonsert alle korpsa i Eid 17. mars og Nordvesten for skulekorps 23. mars.

Her er operaprogrammet våren 2019:

Laurdag 12. januar: Alexx Alexxander

Fredag 25. og laurdag 26. januar: Russerevyen

Fredag 1. februar: «Alt det lyse og alt det mørke»

Torsdag 7. februar: «Sjef i eige liv», Ingvard Wilhelmsen (ekstraframsyning)

Laurdag 9. februar: UKM Eid og Selje

Tysdag 11. februar: «Georgs magiske medisin»

Laurdag 16. februar: Eggum & Sivertsen

Torsdag 28. februar, fredag 1. og laurdag 2. mars: Oklahoma!

Laurdag 9. mars: Gymmen Americanafestival

Laurdag 16. mars: Barnefestivalen KFUK/KFUM

Søndag 17. mars: Vårkonsert korpsa i Eid

Onsdag 20. mars: «Translyria»

Torsdag 21. mars: Are Kalvø, Hyttebok frå helvete (ekstraframsyning)

Laurdag 23. mars: Nordvesten for skulekorps mm

Søndag 24. mars: «Fuglane»

Fredag 5., laurdag 6. og søndag 7. april: Fargespel Nordfjord

Torsdag 25., fredag 26. og laurdag 27. april: Bursdagsfest operahuset ti år

Laurdag 4. mai: Humanistisk konfirmasjon

Torsdag 9. mai: Pianokonsert Greg Niemczuks

Tysdag 11. juni: St. Olaf Orchestra