Kan bli kåra til årets artist frå fylket

Aleks Grey, Alexander Pavelich og Odd Erik Lothe er alle blant finalistane til årets Luttpris.

Alexander Pavelich frå Eid er blant finalistane til Luttprisen 2018. Her frå deltakinga hans i Stjernekamp. Foto: Julia Marie Naglestad/ NRK 

Kultur

Tolv artistar er no med i finalen og publikum kan vere med å bestemme kven som blir kåra til årets artist i Sogn og Fjordane. Finalistane er Sjur, Alexander Pavelich, Eva Weel Skram, Thea Hjelmeland, Aleks Grey, Sofia Hyttedalen, Karl Seglem, Odd Erik Lothe, Ketil Thorbjørnsen, Elida Høgalmen, Mona-Jill Band og Vreid.

– Det er svært mange som har engasjert seg og nominert artistar frå heile Sogn og Fjordane. No er det folkejuryen sin tur til å seie si meining om finalistane, seier musikkansvarleg i NRK Sogn og Fjordane Stian Sjursen Takle.

Prisen, eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim og eit stipend på 25.000 kroner, blir delt ut på Larris Scene i Førde 19. januar.