Malakoff får like mykje som året før

Tilskota til neste års festivalar er delte ut. Malakoff vil få same summen som dei fekk for 2018, sjølv om dei ba om meir.

Malakoff har fått 300.000 kroner i tilskot for 2019.  Foto: Arkiv

Kultur

Kulturrådet melder i ei pressemelding at dei har fordelt over 230 millionar kroner i tilskot til festivalar rundt om i landet. Ein av dei er Malakoff på Nordfjordeid, som vil få 300.000 kroner i 2019, same summen som for 2018. Dette er 250.000 kroner mindre enn det dei hadde søkt om.

For 2020 har Malakoff søkt om 600.000, og 650.000 for 2021.

Totalt 11 festivalar i Sogn og Fjordane har søkt om tilskot for 2019, og av dei er det ni som har fått støtte. Alt i alt er det bevilga 205.000 kroner mindre her i fylket for 2019 enn det det vart i 2018.