Barna tar sjåarane med seg heim

Den populære NRK Super-serien Bli med heim er tilbake med ein ny sesong. Serien har premiere 21. desember, og der får ein vere med heim til Gabriella, Erica, Ask, Andrea og Sarah Elise frå våre kommunar.

I Bli med heim får vi mellom anna møte Gabriella Lund Solheim, Erica Trollebø, Ask Åsebø, Andrea Strømmen og Sarah Elise Husevåg. Det er Eva Westvik frå Vågsøy som har laga dei fleste episodane i serien. Fotomontasje: NRK  Foto: NRK

Kultur

– Å vise norske barn korleis andre ungar har det, krev at familiane brukar tid og at ungane vågar å opne seg om korleis oppveksten deira er. Håpet er at ungar over heile landet skal kjenne seg att i desse historiene, seier Eva Westvik, som har laga dei fleste episodane i dokumentarserien.