Tar sjåarane med heim til sin nye mamma og pappa

Andrea bur hos tante og onkel. Dei har blitt Andrea sin nye mamma og pappa.  Foto: NRK 

Kultur

I tysdagens episode av Bli med heim får sjåarane møte Andrea Strømmen frå Bremanger.

I programomtalen heiter det at: Andrea bur hos tante og onkel. Dei har blitt Andrea sin nye mamma og pappa. 


Barna tar sjåarane med seg heim

Den populære NRK Super-serien Bli med heim er tilbake med ein ny sesong. Serien har premiere 21. desember, og der får ein vere med heim til Gabriella, Erica, Ask, Andrea og Sarah Elise frå våre kommunar.

 

Det synest Andrea er bra, for då ho var seks år døydde mamma av kreft. No kallar ho tante for mamma og onkel for pappa.

Her kan du sjå alle episodane.