Sjåarane får bli med Sarah Elise heim

Neste episode av Bli med heim handlar om Sarah Elise Husevåg. Foto: NRK 

Kultur

I fredagens episode av Bli med heim får sjåarane møte Sarah Elise Husevåg frå Vågsøy.

I programomtalen heiter det at: Når pappa reiser på jobb får Sarah Elise klump i magen og gruar seg, for han blir så lenge vekke!


Barna tar sjåarane med seg heim

Den populære NRK Super-serien Bli med heim er tilbake med ein ny sesong. Serien har premiere 21. desember, og der får ein vere med heim til Gabriella, Erica, Ask, Andrea og Sarah Elise frå våre kommunar.

 

Pappa er styrmann på ein stor båt, og er borte i fire veker før han kjem heim. Sarah Elise synes vekene går veldig sakte mens ho ventar på at han skal komme heim igjen.

Her kan du sjå alle episodane.