Samlar seg for å hente inspirasjon frå kvarandre og Brazz Brothers

Korpsa i Vågsøy skal i samarbeid arrangere inspirasjonshelg 23.–24. mars. Det heile blir avslutta med ein konsert med 220 musikarar.

Samspelte: Skulekorpsa og vaksenkorpsa i Vågsøy skal i samarbeid ha ei inspirasjonshelg 23.–24. mars. Vågsøy kommune har løyvd ein del midlar til dette tiltaket for å prøve å få opp interessa og rekrutteringa. Her frå julekonserten i Sør-Vågsøy kirke der skulekorpsa frå Vågsøy, Skavøypoll og Holvik. Foto: Even Ørjasæter 

Kultur

– Bakgrunnen for at vi skipar til ei inspirasjonshelg er at kommunen har løyvd pengar for å fremje korpsbevegelsen i kommunen. Desse pengane skal gå direkte til korpsa, og då fann vi ut at vi måtte få til noko i lag, fortel Lisbeth Våge i arrangementskomiteen.

Inspirasjonshelga samlar Måløy Musikklag, Torskangerpoll Musikklag, Ytre Nordfjord Brass, Bryggja skulekorps, Vågsøy skulekorps, Holvik skulekorps, Skavøypoll skulemusikkorps og om lag 50 aspirantar. På programmet står mellom anna motivasjon og inspirasjon ved Brazz Brothers og sosiale aktivitetar.

– Vi har lyst til å gjere noko så spesielt og spennande at alle kan ha glede og nytte av det, seier Våge.

Det heile blir avslutta med ein storslegen konsert i Samfunnshallen søndagen.

– Dette blir grand finale. Om alle deltar blir vi om lag 220 musikarar på scena.