Har lansert programmet

2019-repertoaret ved Sogn og Fjordane Teater er basert på store og inderlege draumar.

Sogn og Fjordane Teater har sju framsyningar på programmet i 2019. Ei av desse er Alt det lyse og alt det mørke som bilete viser. Foto: David Zadig  Foto: David Zadig

Kultur

Sogn og Fjordane Teater har sju framsyningar på programmet, og fire av desse er eigenproduserte. To av dei er nyskrivne, på nynorsk, med urpremiere i løpet av året. Ein av framsyningane har 400 år gamle tekstar som er omsett til nynorsk.

– Framsyningane spenner frå familiemusikal til monolog. Nokre av landets beste dramatikarar kjem tilbake til oss, og gode samarbeid oppstår igjen, heiter det i ei melding frå teateret.

To av framsyningane er laga i samarbeid med høvesvis Hordaland Teater og Riksteateret/Haugesund Teater: Engelen frå Kobane og Georgs magiske medisin.

– I tillegg tek teateret ein tur til Nordfjord med barneframsyninga Geitejazz og sjølvsagt skjer sommarens vakraste eventyr – Kinnaspelet. I år er det Florø si eiga Oda Alisøy som tek over stafettpinnen som regissør, heiter det i meldinga.

Utanom desse førestillingane set teateret opp Jostedalsrypa, Alt det lyse og alt det mørke og Translyria.