Stjernelag kjem til Luttprisen

Line Dybedal frå Selje, Aleks Grey og Odd-Erik Lothe frå Eid er nokre av dei som står på scena under utdelinga av Luttprisen i Førde 19. januar.

Line Dybedal er blant artistane som står på scena under Luttprisen 19. januar. Pressefoto 

Kultur

– For ein fest dette kjem til å bli. Dette blir ein dag alle som elskar musikk frå Sogn og Fjordane kan glede seg til. Det seier prosjektleiar for konserten, Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Luttprisen er ein stor gallakonsert for å feire det siste musikkåret. Det er Sogn og Fjordane sitt svar på Spellemannsprisen og P3Gull. I tillegg til at det vert prisutdeling, står nokre av dei beste artistane frå fylket på scena under showet.


Kan bli kåra til årets artist frå fylket

Aleks Grey, Alexander Pavelich og Odd Erik Lothe er alle blant finalistane til årets Luttpris.

 

I år kjem blant anna Thea Hjelmeland frå Førde. Ho har hatt fantstisk suksess med albumet sitt Kulla. SJUR frå Gloppen har også hatt stor suksess saman med den finske stjerna Isac Elliot, og er på Spotify spelt over fantastiske 150 millionar gongar. Han har under Luttprisen med seg dei to unge suksessfulle talenta SOFIA frå Gloppen og Aleks Grey frå Nordfjordeid på scena. Dei skal for aller første gong gjere musikk sama, heiter det i pressemeldinga.

– Det å skape unike opplevingar er noko av det finaste eg veit. Så det å putte tre så talentfulle musikarar saman for første gong, det kan berre bli gull, seier Sjursen Takle.

Odd-Erik Lothe er blant dei meir erfarne på Luttscena. Han har i 2018 oppsummert ein lang og flott karriere med samleplata «Songar.»  Til Luttprisen kjem han også med splitter ny musikk. Line Dybedal frå Selje er for tida spelelista i NRKP1 med låta «Bli med Heim» frå NRK-serien med same namn. Ho kjem til Luttprisen for å framføre låta si saman med Karoline som syng den i TV-serien. Dessutan kjem det unge talentet Frida Hunshammer frå Årdal til å gjere to av sine låtar. Ho vart kjent gjennom TV2-programmet «The Voice», men har no gjeve ut spennande sjølvslaga musikk.

Programleiar for showet er i år som i fjor, NRK sin eigen Ronny Brede Aase. Han leiar showet med sitt lune og friske humør, og du kan truleg vente deg fleire spennande overraskingar i løpet av showet.

Dei nominerte til Luttprisen er Sjur, Aleksander Pavelich, Eva Weel Skram, Thea Hjelmeland, Aleks Grey, Sofia Hyttedalen, Karl Seglem, Odd-Erik Lothe, Ketil Thorbjørnsen, Elida Høgalmen, Mona-Jill Gand og Vreid. På NRK Sogn og Fjordane sine nettsider kan du fram til 13. januar røyste på din favoritt. Luttprisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Det vert også delt ut eit furorestipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane til eit musikktalent under showet.

Luttprisen vert arrangert i eit samarbeid mellom Brak, NRK Sogn og Fjordane, OnCue, Scandic Sunnfjord Hotell, Sparebanken  Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane. Prisshowet vert sendt direkte på radio i NRK Sogn og Fjordane.