Vil ha med fleire lokale på utandørsscena

Elskhug og Eksis arrangerer audition. Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard 

Kultur

Utandørsspelet Elskhug og Eksis arrangerer workshopaudition til sommarens framsyningar som finn stad i tidsrommet 28. juni til 30. juni 2019.

Auditionane blir mellom anna arrangert på Nordfjordeid fredag 11. og laurdag 12. januar, og i Måløy laurdag 19. januar.

– Vi søkjer folk i alle aldrar til både ensemble og hovudroller, og køyrer difor audtionworkshop i Stryn, Eid, Måløy og Sandane, skriv arrangørane på sine Facebook-sider.