Stor bildeserie:

Over 60 born var med på aktivitetsdag i skianlegget

Det blei ein vellukka dag på Harpefossen skisenter laurdag, då Haugen IL Alpin arrangerte «Fjord1 Young Attacking Vikings», lågterskelaktivitetar for alle nivå, saman med Sogn og Fjordane skikrins og Norges skiforbund.
Kultur

– Det blei ein veldig vellukka og fin dag med skikkeleg vintervêr, og i alle fall 60 born pluss foreldre som deltok, oppsummerer Anders Engeland som er leiar for Haugen IL Alpin og var med å arrangere «Fjord1 Young Attacking Vikings».

Målet med dagen var å skape ein lågterskel arena som var spennande og motiverande for alle i løyper med små og store kular, doseringar, små hopp, parallellslalåm og fleire liknande aktivitetar.