Byr på «verdens verste show» om bord

Epos legg til kai 55 stadar i Møre og Romsdal, fullasta med forfattarbesøk, verdens verste show og spanande eventyr.

Bokbåten Epos stoppar på Slagnes og Fiskå onsdag. Arkivfoto 

Kultur

Turen startar i Tennfjord, Søvik og Grytestranda den 21. januar og fortset deretter langs fjordarmar og kyststrok i stort sett heile fylket. Epos kjem til Fiskå og Slagnes i Vanylven 23. januar.

21.-25. januar har bokbåten med seg det dei omtalar som ein gal mann på rett stad; forfattar og illustratør Reidar Kjelsen. Han har skrive og illustrert ein haug med bøker, og dei siste åra har han hatt rundt 4.000 framsyningar på skular og bibliotek rundt om i

– Reidar eig ikkje hemningar, og vi kan vente oss full fart og mykje latter når han fortel om dei slemme damene han har møtt, eller prøver seg på standup for dei minste, heiter det i ei melding.

Teikneserieskapar, forfattar og redaktør Marius Horn Molaug presenterer «Verdens verste show» frå 4. til 8. februar. Han har skrive barnebøkene i serien Verdens verste, og har brukt sine eigne opplevingar frå barndommen som inspirasjon. Showet inneheld opplesing frå bøkene, tøysete teikningar på skjerm og dialog med ungane.

– Moro for alle!