Nytt band klart til Malakoff

Dei britiske verdsstjernene i Bastille kjem til Malakoff Rockfestival 18.-20. juli 2019.
Kultur

– Å få besøk av band av eit slikt verdsformat er utruleg stort, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Med store artistar som m.a Weezer, Bastille, Madrugada, Sigrid og BigBang på plass så opplever festivalen allereie rekordsal av billettar.

– Det er det beste teiknet på at folk likar det dei får servert til Malakoff19, seier ein tydleg nøgd Naustdal.

Dei britiske verdensstjernene i Bastille har utrulege 3,5 milliardar streams, ligg på toppen av hitlistene verda over, har megahits som Happier, Pompeii og eit nytt album på veg som det er enorme forventningar til.

Bandet spelar fredagen under Malakoff Rockfestival i sommar.

–  Bastille spelar rundt omkring i heile verda og er eit av dei mest streama banda akkurat no. Dei spelar to festivalkonsertar i sommar og ein av dei er på Malakoff. Det er superstas, og vi gledar oss heilt vilt!

Dermed er Weezer, Bastille,  Madrugada, Sigrid, Bigbang, Slaves og Djerv klare til Malakoff som vert arrangert på Nordfjordeid 18.-20.juli 2019.  Fleire artistar vert slept utover vinteren.