Forsterkar festivalprogrammet

Måløy Songlag skal sørge for ekstra trykk når Elvisfestivalen inviterer til show festivalfredagen. – Ei ære, seier dirigenten.

Måløy Songlag skal kore på 15 songar under Elvisfestivalen sitt show «From Tupelo to Måløy» fredag kveld. Dirigent Sølvi Myklebust ser på førespurnaden som ei ære. – Eg kan ikkje snakke for alle, men vi fekk notane andre helga i januar, og oppmøtet seier at folk er gira på å vere med. Vi har hatt eit kjempegodt frammøte, forklarar dirigenten, som spesielt ser fram til at dei 30 kormedlemmane skal bidra på Elvis-klassikaren You gave me a mountain. Foto: Privat  Foto: Privat

Kultur

– Vi gleder oss noko grådig. Eg har aldri vore på festivalen før. Eg har tenkt at det hadde vore veldig kjekt, men no får altså eg og koret vere med frå scena, og det synst eg er veldig kjekt. Ei ære, seier dirigent Sølvi Myklebust.


Skal til USA for å synge bass

Den karakteristiske basstemma til Terje Våge skal låte i Las Vegas når Elvis blir heidra til sommaren.

 

Måløy Songlag vil stille med om lag 30 koristar under hovudshowet i festivalteltet fredag 9. august. Der blir det også stort band, som har med seg eigne koristar i tillegg. Dirigenten opplever kormedlemmane som spente og gira månader før festivalen blir sparka i gang 8. august.

– Eg kan ikkje snakke for alle, men vi fekk notane andre helga i januar, og oppmøtet seier at folk er gira på å vere med. Vi har hatt eit kjempegodt frammøte.

Heilt nytt repertoar

Måløy Songlag har fått utlevert notar til 15 songar, som dei skal kore på under festivalshowet «From Tupelo to Måløy». Songane er arrangert spesielt for dei av kapellmeister Per Amundsen.

– Det er klart at dette er kjende songar for dei fleste, men notane er heilt nylaga, så det blir ein del øving. Målet må vere at vi kan songane så godt, at vi på framføringa kan sleppe alt som heiter notar, seier Myklebust.


Elvis-ordførar kjem til festivalen

Etter å ha høyrt om Elvisfestivalen i Måløy bad ordføraren i Elvis sin fødeby om å få kome. No skal han gjeste regionen i ei heil veke.

 

Songlaget øver to og ein halv time ein gong i veka. Og sjølv om dei enda ikkje har hatt så mange øvingar med dei nye songane, har dirigenten allereie peika seg ut ein favoritt blant dei 15 songane.

– Elvis hadde mange flotte songar, men min personlege favoritt, You gave me a mountain, trur eg blir heilt fantastisk med koret, komp og solist. Elles må eg jo nemne An american trilogy. Den trur eg blir mektig, og teksten er jo heilt nydeleg, seier Myklebust.

Tar over stafettpinnen

I fjor var det Torskangerpoll Musikklag som var invitert til å bidra, og i år er det altså Måløy Songlag som har fått denne rolla. Myklebust håpar mange tar turen for å oppleve koret i samspel med andre.

– Eg blir veldig lett entusiastisk, så eg håpar på fullt hus og stormande jubel. Eg gler meg, seier dirigenten.

Festivalsjef Helge Hjelle er glad for at songlaget har sagt ja til å bidra.

– I fjor var det Torskangerpoll Musikklag, og no er vi så heldige at vi får med oss Måløy Songlag på hovudkonserten fredag kveld. Då vi spurde dei var alle interesserte og ville vere med. Det er veldig kjekt for oss at dei blir med på å forsterke oss og gjere fredagen til ein spesiell kveld.