Kjem med Roald Dahl-klassikar til Nordfjordhallen

Laurdag 9. februar kjem Roald Dahl-klassikaren Georgs magiske medisin til Nordfjordhallen.

Teater: Georgs magiske medisin kan du sjå laurdg 9. februar i Nordfjorhallen i Vågsøy. Pressefoto  Foto: L-P Lorentzen 90793385 L-P@loren

Kultur

Satsinga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater, Haugesund Teater og Riksteatret.

– Georgs magiske medisin har allereie hatt premiere og har hausta gode omtalar. Her er det berre å ta med seg heile familien til ei flott framsyning med mykje song og moro! seier Lena Grande ved Sogn og Fjordane teater i ei pressemelding.

Grande kallar framsyninga «passe rampete teater for heile familien».

– Også for bestemødrer, dersom dei torer for bestemora til Georg er ikkje som alle andre søte og snille bestemødrer. Ho er nifs og syter og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg. Georg vil gje ho ein lærepenge. Når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, skummande, magisk medisin, som garantert vil sende henne gjennom taket.

Boka teaterstykket er basert på er skrive av Roald Dahl.

– Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av utømmeleg fantasi. Han var alltid på borna si side, og lét aldri ein sjanse gå ifrå seg til å sparke dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøsse. Og så blir vi litt skremde ( i alle fall ei stund til alt vert bra att). Og så ler vi endå meir. Forteljingane til Roald Dahl har blitt til internasjonale storfilmar, fargerike musikalar og fengande barneframsyningar, seier Grande.

Regissør og dramatikar av Georgs magiske medisin er Morten Joachim, som også har sett opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei framsyning med mykje musikk og magi som involverer borna og tek ungane sin fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setje alt på hovudet og slå seg laus på borna sine vegne – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd.