Ny sponsor sikrar ungdomskonsert

Sparebanken Vest har blitt ny hovudsponsponsor for Strandfestivalen. – Dette betyr veldig mykje for oss, seier Kent Rune Bugjerde i festivalen.
Kultur

Festivalen vil i år som i fjor arrangere ein eigen gratis barne- og ungdomskonsert på laurdagen, og med støtte frå sponsoren lar dette seg gjennomføre.

– Dette betyr at vi kan halde ein gratiskonsert for barn og unge. I tillegg betyr det at vi kan hente inn større og fleire artistar. Dette gjer igjen at vi har ei betydeleg kostnadsauke på scene, lys og lyd, seier Bugjerde, som seier det er viktig for festivalen å få med banken på laget.