Bildeserie:

Feira seg sjølv og musikken med storslått konsert

Om lag 400 personar møtte fram for å bli med på feiringa av Viltkoret, som feira sine første 20 år med konsert i Samfunnshallen.
Kultur

Viltkoret vart skipa i samband med ein viltfest, som Skavøypoll idrettslag arrangerte i 1999, og 20-årsjubileet vart feira med ein storslått jubileumskonsert laurdag kveld.

Alle dei 39 medlemmane i blandakoret var festpynta og leverte eit variert program med songar som Why did it have to be me, Ka e du redd for, Ein farfar i livet og Viva la vida. Fleire av kormedlemmane stilte også opp som solistar til stor applaus frå publikum.