– I løpet av 20 år har vi blitt ein stor familie

– Humør, spenstig repertoar, flinke solistar og godt samhald. Slik omtaler Ståle Sandal Viltkoret, som han har vore medlem av sidan oppstarten for 20 år sidan.

Viltkoret har sunge saman i 20 år og dette vart markert med ein storslått konsert med eit variert program i Samfunnshallen laurdag kveld. Fremst står kormedlemmane som har vore med i alle dei 20 åra koret har eksistert, saman med dirigent Frode Helgestad (f.v.). Geir Sandal, Wenche Blålid, Bodil Hessevik, Palma Moldestad, Ingebjørg Kvernevik, Anne-Brit Sandal, Ragnhild Sætremyr, Margot Silden og Ståle Sandal. Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: MArianne S. Rotihaug

Kultur

– Vi er ei fantastisk gruppe, som har det veldig kjekt. Både eg og kona mi er med, og eg har ofte tenkt at det er på tide med ei lita pause, men ho drar meg med. Men det er verkeleg ein fantastisk gjeng som gjer at det er kjekt å halde på, seier Sandal.