Bildeserie:

Koste seg ute i naturen

Søndag var det Kom deg ut-dag, og fleire av Fjordenes Tidende sine lesarar brukte dagen i naturen.
Kultur

Kom deg ut-dagen vart markert med arrangement i regi av DNT. For Barnas Turlag Vågsøy var det samling på Dalsneset med leik, moro, frisk luft, aktivitetar, pinnebrøddeig og kakao. I Selje var det arrangement i akebakken i «Låna» med bålpanne, pølser, pølsebrød og mandarin. I Bremanger var det samling på Karlsstova og i Eid vart det invitert til samling på fellesanlegget på Tua med bålpanne og pølse. Har var det også skileik, aking og turtipp med premiar.

Mange av dei som ikkje var med på arrangementa i regi av DNT brukte også dagen ute. Her er eit knippe av bileta lesarane har sendt inn.