Lokale korps skal konkurrere i NM i brass

Både Kjølsdalen musikklag og Flora-Bremanger brassband skal i helga vere med i NM i brass.

Reiser til Bergen: Kjølsdalen musikklag er blant dei lokale korpsa som skal delta i NM i brass i helga. Her er korpset med dirigent Arvid Anthun under Nordvestivalen i 2018. Foto: Erling Wåge  Foto: Erling WÃ¥geE Erling WÃ¥geE

Kultur

Fredag 8. februar spelar Kjølsdalen musikklag på NM Brass i Bergen under leing av dirigent Arvid Anthun.

Dei 29 musikantane i Kjølsdalen musikklag kjem frå heile Eid kommune: Kjølsdalen, Stårheim, Haugen, Nordfjordeid og Hjelle. Alderen spenner frå 16 til 68 år, og heile sju av musikantane spelar også i skulekorps.


 

Kjølsdalen musikklag skal framføre «Dimensions» av Peter Graham i konkurransen. Graham kjem opprinneleg frå Skottland og er professor i komposisjon ved Universitetet i Salford, utanfor Manchester. Han har spesialisert seg på å skrive for brassband, og henta inspirasjon frå kjende komponistnamn som Ray Steadman-Allen og Edward Gregson.

I fjor kom Kjølsdalen musikklag på tredjeplass i 4. divisjon, og rykka med det opp til 3. divisjon etter 2 års deltaking i 4.


Tek gjerne imot medlemmer frå heile nye Kinn

– Det blir nyttårskonsert neste år også – og vi har ingen planar om å skifte namn, fastslår Johnny Sælemyr, dirigent i Flora-Bremanger Brassband.

 

Dei tre andre korpsa frå Sogn og Fjordane er Jølster musikklag i 2. divisjon, og Florø hornmusikk og Flora-Bremanger Brass Band i 4. divisjon.

Verken korps eller dirigent er opptekne av plassering og resultat i konkurransen.

− Det er ikkje motivasjonen vår for å delta. Vi brukar NM som eit middel for å bli betre, og konkurransen er til sterk inspirasjon for oss. Viss vi går av scena og føler vi har gjort vårt beste, har vi nådd målet vårt. Så får vi sjå kva plassering det eventuelt fører til, seier leiar i korpset Anne-Britt Nor.

NM er òg eit sosialt høgdepunkt for korpset, i tillegg til at ein får høvet til å høyre dei aller beste korpsa i landet.

Kjølsdalingane reiser til Bergen torsdag ettermiddag. Då er det rett på øving i Frelsesarmeen sine lokalar like ved Grieghallen og hotellet dei bur på. Fredag er det øving og lytting på andre korps, og først på tidleg kveld sit musikklaget på scena i Peer Gynt-salen i Grieghallen.

Laurdag skal dei nyte god korpsmusikk, vere sosiale og kose seg med å vere på NM.

− Vi gler oss, seier korpsleiaren på vegne av Kjølsdalen musikklag.