Vokalgruppa stiller med gjestesolist

Vokalgruppa Silisium Vokal held konsert i Svelgen samfunnshus laurdag 9. februar og i Flora samfunnshus søndag 10. februar.

Gler seg: Silisium Vokal består av Hilde Gretha Hauge, Monica Liseth Hauge, Elisabeth Solbakken, Grete Berntzen, Mia Mariann Belseth, Linn Therese Belseth HeldaLinn Karin Sande Igland, Silje Pauline Dahle og Eliise Tuul. I front: jostein Hasselgård. Foto: privat 

Kultur

Silisium Vokal frå Bremanger starta opp januar i 2017 og består av ni damer i ulik alder som alle har bakgrunn som solistar på kvar sin arena rundt om i kommunen.

– Vi syng for det meste populær musikk henta frå ulike tider. På denne konserten har vi med låtar av mellom anna John Legend, Bruno Mars, Michael Bublé, Sia, Adele og Billy Joel. Alt frå funky poprytmer til rolege balladar.


Hør de vakre tonene fra disse damene

Sanggruppa Silisium Vokal frå Bremanger hadde konsert på «Hjortegarden» i Ålfoten lørdag. Se utdrag fra konserten her.

 

På denne konserten har damene også med seg ein gjestesolist, Jostein Hasselgård.

– Vi set stor pris på hans gode kompetanse på vokalmusikk og a cappella, og han har tilført vokalgruppa mykje nyttig og kome med gode tips.

Hasselgård har bakgrunn med eige band og er fast vokalist i den kjende vokalgruppa PUST. Han vann også Melodi Grand Prix i Norge i 2003.

Silisium Vokal har også med seg band beståande av Raimund Hoclas, Tor Olav Heldal og Espen Skartun, samt fast lydmann Einar Nesbakk og Jonas Myklebust på lys.