NM i brass:

Spelte til heimbygda og heimekorpset

Jon-Vegar Sole Sundal frå Kjølsdalen spelte eit nydeleg solostykke under NM for brass laurdag for å hylle heimekorpset sitt, Kjølsdalen Musikkklag.

Best i Norge: Her jublar Eikanger-Bjørsvik Musikklag over sigeren under NM i brass i Bergen. Jon-Vegar Sole Sundal frå Kjølsdalen held pokalen framme til venstre. Foto: Erling Wåge.  

Kultur

Jon-Vegar Sole Sundal er frå Kjølsdalen men bur no i Alversund. Han spelar ess-kornett i elitekorpset Eikanger-Bjørsvik Musikklag. I helga gjekk Jon-Vegar Sole Sundal og korpset hans heilt til topps under NM i Brass i Grieghallen i Bergen i elitedivisjonen.